Kongo


Norsk pinsemisjon har hatt arbeid i Kongo sidan 1922, og det har resultert i ei pinserørsle (Celpa) som i 2015 har ca. 450 000 døypte medlemmar. Vi har støtta arbeidet i Kongo fast sidan 1990. Først støtta vi misjonærane Liv og Svein Åge Johansen og Massi og Reidar Solholm. Frå 1998 har vi støtta bibelskulearbeidet i Kongo. Bibelskulane er viktig for å utdanne pastorar til stadig nye kyrkjelydar.  Dei er også viktige for å utdanne misjonærar til unådde folkeslag i nabolanda Niger, Rwanda og Tanzania. Bibelskulane er 6-årige. De lågaste klassene er desentralisert, og dei siste klassene er samla i senter, eit for kvar av dei seks kyrkjeregionane i landet. Det er 13 godkjente bibelskular med meir enn 400 elevar.  Frå 1990 til september 2015 har vi gitt ca.kr 530 000,- til misjon i Kongo.  Vi er den kyrkjelyden som gir størst støtte til det store bibelskulearbeidet i Kongo i dag.